Laste opp publikasjoner i Cristin
I Cristin kan du laste opp artiklar, bokkapittel, bøker, doktoravhandlingar og rapportar i fulltekst. Publikasjonane vert deretter overført til UiBs vitenarkiv BORA for open tilgjengeleggjering.
Hovedinnhold
Vitskaplege tidsskriftsartiklar (som er sendt inn etter 1. desember 2022) vert tilgjengeleggjort i BORA i tråd med UiBs rettigheitsordning. For andre publikasjonstypar sjekkar Universitetsbiblioteket om forlagets retningslinjer gjev lov til open tilgjengeleggjering før publikasjonar vert lagt ut i BORA.
Hvordan laste opp fulltekst av en artikkel i Cristin
Ein ny versjon av Cristin-systemet er under utvikling. I ein periode vil ein derfor kunne bruke både den gamle og nye versjonen. Rettleiingane under viser korleis ein kan laste opp publikasjonar både i det gamle og nye systemet.
Cristin (gammal versjon)
- Logg deg på Cristin: http://cristin.uib.no
- Registrer ein ny artikkel eller klikk på ein allereie registrert artikkel.
- Under artikkelen klikkar du på "Lever fulltekstdokument" og vert sendt vidare til neste side.
- Dersom du ser at det allereie er avlevert ein fulltekst, treng du ikkje laste opp ein ny.
- Før du kan gå vidare, må du godkjenne vilkåra for bruk av BORA.
- Marker deretter kva versjon du lastar opp. Du skal i utgangspunktet laste opp den aksepterte fagfellevurderte versjonen. Publisert versjon skal berre lastast opp dersom artikkelen er publisert opent med ein Creative Commons-lisens, eller du veit at forlaget gjev løyve til open tilgjengeleggjering av den publiserte versjonen. For meir informasjon om artikkelversjonar, sjå: https://www.uib.no/ub/71783/opphavsrett-til-eget-vitenskapelig-arbeid#artikkelversjoner
- Klikk på "Gå videre" for å laste opp artikkelen.
- Klikk på "Choose file" for å søkje fram artikkelen som er lagra på di maskin eller heimeområde og last han opp.
- Etter opplasting vil du sjå ei kvittering på avlevert dokument.
- Artikkelen vert overført til BORA og fyrst tilgjengeleggjort når retningslinjer er avklart med tidsskrift/forlag.
- Det er no mogleg å laste opp fleire filer på posten, til dømes supplement.
- Når du er ferdig, klikk på "Avslutt".
Har du spørsmål?
Kontakt oss på bora@uib.no
Cristin (ny versjon)
- Logg deg på Cristin: https://app.cristin.no/
- Registrer ein ny artikkel (resultat) eller søk etter ein allereie registrert artikkel.
- Under overskrifta "Institusjonsarkiv" klikkar du på "Lever fulltekstdokument" og vert sendt vidare til neste side.
- Dersom du ser at det allereie er avlevert ein fulltekst, treng du ikkje laste opp ein ny.
- Før du kan gå vidare, må du godkjenne vilkåra for bruk av BORA.
- Marker deretter kva versjon du lastar opp i feltet "Velg dokumenttype". Du skal i utgangspunktet laste opp den aksepterte fagfellevurderte versjonen. Publisert versjon skal berre lastast opp dersom artikkelen er publisert opent med ein Creative Commons-lisens, eller du veit at forlaget gjev løyve til open tilgjengeleggjering av den publiserte versjonen. For meir informasjon om artikkelversjonar, sjå: https://www.uib.no/ub/71783/opphavsrett-til-eget-vitenskapelig-arbeid#artikkelversjoner
- Klikk på "Browse" for å søkje fram artikkelen som er lagra på di maskin eller heimeområde.
- Klikk på "Last opp" for å laste opp artikkelen.
- Etter opplasting vil du sjå ei kvittering på avlevert dokument.
- Artikkelen vert overført til BORA og fyrst tilgjengeleggjort når retningslinjer er avklart med tidsskrift/forlag.
- Det er no mogleg å laste opp fleire filer på posten, til dømes supplement.
- Når du er ferdig, klikk på "Avslutt".
Har du spørsmål?
Kontakt oss på bora@uib.no