Hjem
Senter for digitale fortellinger
Forskningsgruppe

Computational Narrative Systems

Målet med denne forskinga er å kombinere metodar frå narrativ teori, utrekningskreativitet og informatikk for å utforske og utvikle system for utrekningsforteljingar.

Computational Narrative Systems – Center for Digital Narrative, UiB
Computational Narrative Systems
Foto/ill.:
CDN

Hovedinnhold

Datamaskiner kan modellere narrativ og historieforteljing, måten vi representerar hendingar på og koplar dei til kvarandre og vår tenking, og slik gi oss rammer for å forstå verda.

Forskingsgruppa Computational Narrative Systems ser på korleis datamaskiner modellerar forteljingar. Noden arbeider med historiegeneratorar frå dei siste 60 år. Å arbeide fram fungerande versjonar av desse gir oss moglegheita til ny forsking og undervisning. Prosessen med å utvikle nye versjonar, og fokusere på systema sine viktigaste aspekt, er òg ein måte å tenkje på desse systema og betre forstå deira historiske påverknad.

Arbeidet i denne gruppa inkluderer utviklinga av narrative system basert på utrekningar – formelle modellar for forteljingar, nokre generative, nokre ikkje. Desse kan brukast til mange typar undersøkingar. Til dømes kan modellering av både ulike forteljingar og ulike kulturelle rammeverk hjelper oss med å forstå kvifor nokre historier blir forstått som meiningsfylte i bestemte kulturelle kontekstar – medan dei same historiene er forvirrande for menneske i andre kulturar. På same måte kan vi samanlikne måten ulike system representerar måten vi genererar ei forteljing på og dermed betre forstå denne prosessen.