Hjem
Senter for digitale fortellinger
Center for Digital Narrative

Ledelse og partnere

Laget som utgjer Senter for digitale fortellinger.

Senterledelse CDN
Senterledelse fra venstre: Jason Nelson, Nick Montfort, Kristine Jørgensen, Scott Rettberg, Jill Walker Rettberg, og Joseph Tabbi.
Foto/ill.:
Eivind Senneset, UiB

Hovedinnhold

Senterledere

Leder og nestleder

Scott Rettberg

Jill Walker Rettberg

CDN vil heve nivået innan senterets ulike forskingsfelt ved å utvikle ei tverrfagleg teoretisk og praksisbasert tilnærming til digitale forteljingar. Forskinga vil bli organisert i seks noder: Electronic Literature (Joseph Tabbi), Social Media and Network Narratives (Jill Walker Rettberg), Computer Games and Interactive Digital Narrative (Kristine Jørgensen), Computational Narrative Systems (Nick Montfort), Extending Digital Narrative (Scott) Rettberg) og Artistic Integrated Research (Jason Nelson)

Forskingsleiarane er internasjonalt leiande innan sine felt. Nodane er ikkje separate prosjekt, men vil bygge på, informere og mate kvarandre etter kvart som dei ser på ulike vinklar av dei same forskingsspørsmåla og trendane innan digitale forteljingar. Dei skal nytte felles forskingsmetodar og utvikle forskingsprosjekt og innovative eksperiment saman.

CDN tilset professor II-ar, postdoktorar og doktorgradskandidatar jamnt fordelt over nodene både for å utvide ekspertisen og for å gi utdanning til forskarar tidleg i karriera si.

Administrasjon

Administrativ prosjektleder Ola Roth Johnsen

Kommunikasjonsrådgiver Andreas Hadsel Opsvik

Teknolog Colin Robinson

Samarbeidspartnere

Vi vil samarbeide med The Immersive Storytelling Lab (ISL) ved Universitetet i York, og saman med forskarar ved verdsleiande institusjonar som UC Berkley, MIT, Universitetet i Uppsala og andre grupper med framifrå forskingsresultat i skjæringspunktet mellom avansert teknologi og historieforteljing.

Desse partnerskapa vil styrke CDN på ei rekkje måtar: ved å gi tilgang til teknologisk infrastruktur og ekspertise som ikkje er tilgjengeleg i Noreg enno, som avanserte visualiseringsfasilitetar, ved å utvide forskarlaget gjennom forskingssamarbeid og gjesteforskaropphald, og ved å utvide den internasjonale forskinga og forskingsformidlinga vår.

Senternoder

Electronic Literature

Nodeleiar

Joseph Tabbi

Professor II

Lai-Tze Fan

Computational Narrative Systems

Nodeleiar

Nick Montfort

Professor II

Rafael Pérez y Pérez

Computer Games and Interactive Digital Narrative

Nodeleiar

Kristine Jørgensen

Professor II

Dr. Doris C. Rusch

Extending Digital Narrative

Nodeleiar

Scott Rettberg

Professor II

Caitlin Fisher

Social Media and Network Narratives

Nodeleiar

Jill Walker Rettberg

Professor II

Lin Prøitz

Artistic Integrated Research

Nodeleiar

Jason Nelson

Algorithmic folklore – ALGOFOLK

Leiar

Gabriele de Seta