Hjem
Senter for digitale fortellinger
Forskningsgruppe

Extending Digital Narrative

Målet med denne forskinga er å undersøke det narrative potensialet til nye teknologiar for å forstå korleis dei vil forme framtidige forteljingssjangrar.

Extending Digital Narrative – Center for Digital Narrative, UiB
Foto/ill.:
CDN

Hovedinnhold

Snøgg teknologisk utvikling skapar høve for innovative digitale narrativ og forteljingsmetodar, som gir oss både moglegheiter og utfordringar for samfunnet.

Forskingsgruppa Extending Digital Narrative, eller XDN, utforskar potensialet nye teknologiar skapar for nye miljø for historieforteljing. Desse inkluserar store KI-system for språkmodellar, virtuell og utvida røynd, samtalegrensesnitt og andre plattformar som enno ikkje er her.

Sjølv om desse tre modusane for digitale forteljingar er ulike kryssar dei seg allereie på spennande måtar. Bruken av KI går som ein tråd gjennom alle desse framveksande forteljingsmåtane: i samtale med ein smarthøgtalar samhandlar vi med eit KI-system, og mange av neste generasjon sine oppslukande forteljingar inneheld interaksjonar med responsive dialogmotorar.

Forskarane i denne noda vil dokumentere og analysere sentrale verk i desse framveksande sjangrane, utvikle kreative eksperimentelle verk som testar bruksområde og avgrensingar, og studere påverknaden på publikum, både for å forstå notida og framtida til forteljingar i digitale miljø.