Hjem
Senter for digitale fortellinger
Forskningsgruppe

Computer Games and Interactive Digital Narrative

Målet med denne forskinga er å forstå funksjonane til handlingsfridom, materialitet, interaktivitet, og leik som element som formar vår oppleving av algoritmiske forteljingar.

Computer Games and Interactive Digital Narrative – Center for Digital Narrative, UiB
Foto/ill.:
CDN

Hovedinnhold

Videospel gir oss ein unik plattform vi kan utforske komplekse forteljingar i, fremje empati og gi spelarar handlingsrom i virtuelle univers. Å forstå korleis videospel påverkar spelaropplevingar gir ikkje berre kunnskap til spelindustrien, men òg i breiare diskusjonar om digital kultur, underhaldning og det utviklande landskapet for historieforteljing i den digitale tidsalderen.

Forskingsgruppa Computer Games and Interactive Digital Narrative studerar korleis forteljingar blir forma i skjæringspunktet mellom spelar og spel.

Korleis påverkar handlingsfridom og leik måten vi forstår narrativ på? Korleis påverkar dataspela sin algoritmiske logikk måten vi samhandlar med narrativ? Kva rolle spelar kjensler, fordjuping og empati i å skape forteljingsopplevingar i dataspel? Dette er nokre av spørsmåla denne noden utforskar.

For å gi svar vil gruppa bruke spelarsentriske metodar. Den vil kombinere etnografisk forsking, biometriske studier og deltakande design for å forstå noverande interaktive digitale forteljingar, samt utforske potensialet for nye former for forteljingar som kombinerar algoritmisk logikk med leik og handlingsrom for å betre forstå myriadane av historier der ute, inkludert marginaliserte historier som tidlegare er oversett.

Målet er å forstå korleis det digitale har påverka måten vi forteljer historier med spel, og å utvikle betre forskingsmetodikk for å studere dette.