Hjem
Senter for digitale fortellinger
Forskningsgruppe

Social Media and Network Narratives

Målet med denne forskinga er å finne ut korleis sosiale narrativ får sitt opphav i fragmenterte bidrag på internett og korleis desse påverkast av enkeltpersonar, organisasjonar og algoritmer.

Social Media and Network Narratives – Center for Digital Narrative, UiB
Foto/ill.:
CDN

Hovedinnhold

Forteljingar er ei av dei viktigaste måtane vi gir liva våre og vår plass i verda meining – og sosiale medier er ein viktig plattform for dette.

Forskingsgruppa Social Media and Network Narratives forskar på framveksten av sosiale narrative på internett, påverka av enkeltpersonar, organisasjonar og algoritmer.

Vi forteljer historier om oss sjølve med bilete og innlegg på Facebook, Instagram, TikTok eller Snapchat. Nokre av historiene er anonyme og delast og diskuterast nesten som sladder – Am I the Asshole-forumet på Reddit er eit godt eksempel her. Nokon fortel ei historie om ein vanskeleg situasjon, og alle andre diskuterar kven som hadde rett og kven som var ein dritsekk.

Fiktive versjonar av slike historier finst også. Til dømes oppretta TV-showet SKAM fiktive Instagram- og Youtube-kontoar for hovudpersonane, som førte til at deira aktivitet på sosiale medier vart ein del av historia.

Virale historier og urbane myter breier om seg i sosiale medier. Djupt problematiske narrativ, som konspirasjonsteoriar eller politisk propaganda, sirkulearar òg i desse miljøa.

Denne noda vil analysere spesifikke historier i sosiale medier og stille dei store spørsmåla: Er det andre historier som fungerar i sosiale medier kontra på trykk eller ansikt til ansikt? Korleis påverkar KI og anbefalingsalgoritmer kva typer historier vi fortel?