Hjem
Det humanistiske fakultet
Bokbad

Bokbad med Pedro Carmona-Alvarez

Kom på studentpuben Ad fontes og høyr forfattar Pedro Carmona-Alvarez fortelje og lese frå si eiga bok, romanen Chiquitita.

Bilde av bokomslag og forfattar
Romanen Chiquitita blir delt ut gratis til nye studentar ved HF-fakultetet.
Foto/ill.:
Kolon forlag

Hovedinnhold

Pedro Carmona-Alvarez er både romanforfattar, poet og musikar. Han har motteke mange prisar for bøkene sine, mellom anna Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Kritikerprisen og Riksmålsprisen. 

I 2023 kom romanen Chiquitita ut. Den handlar om korleis det er å vera på flukt, noko Pedro Carmona-Alvarez sjølv har opplevd. Han er født i Chile og måtte som barn flykte saman med familien då det vart militærkupp og diktatoren Pinochet tok over makta. No bur han i Bergen. 

Tysdag 22. august kjem Pedro Carmona-Alvarez til studentpuben Ad fontes og pratar om boka si. Det er innleiinga på leseprosjektet Humanistar les, der alle nye HF-studentar får eit gratis eksempar av romanen Chiquitita, og kan starte studietida ved HF med ei felles skjønlitterær leseoppleving.