Sissel Lægreid: Blir trigga av motstand
Det heile byrja med Kafka. Og kanskje endar det med Kafka også.
Hovedinnhold
Sjølv om Sissel Lægreid eigentleg hadde planar om engelsk hovudfag og ho synest italiensk er det flottaste språket, er det tysk og tyskspråkleg litteratur og kultur som har vore faget hennar sidan studietida. Det starta på forelesingane om Prosessen av den tysk-jødiske forfattaren Franz Kafka.
– Boka gav mykje motstand, ho var vanskeleg å forstå og det var så uendeleg mange tolkingsmoglegheiter der. Eg blei nysgjerrig. Kva var no eigentleg dette? Det var det kryptiske og nærast utilgjengelege som fascinerte meg, og det absurde. Dei mange semantiske hola i teksten, og utfordringane med å lese og forstå boka inspirerte meg. Eg skjønte då at eg måtte fordjupe meg i tysk litteratur og skrive hovudoppgåve om Prosessen, fortel ho.
Når Lægreid vert introdusert som tyskprofessor, tenkjer folk som regel på pugging av tysk grammatikk og ramsar gjerne opp regler som an, auf, hinter, in, neben, über, unter....
– Eg er nok ein typisk filolog, glad i språk og ord, men ikkje først og fremst oppteken av grammatikk. For meg er grammatikk eit middel, ikkje eit mål i seg sjølv. Å kunne lese stor litteratur på originalspråket er eit privilegium og opnar nye univers. Det er ikkje alt som let seg omsetje, ein mister ofte viktige nyansar: Å lese Kafka på norsk er ikkje det same som å lese han på tysk, noko går tapt, ei omsett bok blir ei litt anna bok.
Inkludert eller ekskludert?
Lægreid understrekar at å lese, tolke og forstå tekstar ikkje berre handlar om litterær tekstanalyse, men også om sosial-kulturelle rammer og kontekst. Framleis er tysk-jødisk litteratur eit viktig interessefelt og hovudfokus i forskinga hennar. For tida skriv ho om tre tysk-jødiske forfattarar og deira opplevingar av sin jødiske identitet i kjølvatnet av Holocaust.
Saman med kollegaer i den tverrfaglege forskargruppa Europas grenser, er ho ansvarleg for eit europeisk forskingsprosjekt om transnasjonale minoritetar i Europa med fokus på europeisk identitet, både som språkleg og kulturelt konsept. Prosjektet tek føre seg tre ulike grupper av minoritetar i ulike situasjonar: jødar og romfolk i Europa, og russiske minoritetar i Ukraina.
– Kven er europearar og kven er ikkje-europearar? Kven har definisjonsmakta og får avgjere kven som er inkludert eller ekskludert som «den Andre»? I prosjektet vårt er det slike spørsmål og måten dei kjem til uttrykk i litteraturen, kunsten og språket vi ser på, fortel ho.
– For ikkje lenge sidan hadde vi i Noreg diskusjonen om tiggarforbodet og situasjonen til romfolket, med ein kultur som ikkje passar heilt inn. Og tenk på historia til jødane i Europa, deira bidrag til vår kulturelle arv og antisemittismen som kulminerte med Holocaust. I dag 70 år etter katastrofen har antisemittisme igjen vorte aktuell i Europa – etter fleire angrep mot jødiske synagogar og institusjonar kjenner jødar seg utrygge og fleire av dei emigrerer.
– Det er viktig at også vi på humaniora tematiserer samfunnsrelevante spørsmål, og med vår kompetanse bidreg til å gjere folk merksame på eigne fordommar og toleransegrenser, særleg no når Europa er midt oppe i den største flyktningkrisa sidan andre verdskrigen.
Ikkje nok med berre engelsk
Lægreid er oppteken av at vi nordmenn bør lære fleire språk enn engelsk. Ho er uroa over at vi i eit så lite land ikkje er meir språkmektige, særleg over at vi snart ikkje lenger kan kommunisere på viktige europeiske kulturspråk som tysk og fransk.
– I Noreg er vi langt meir prega av tysk kultur enn vi er klar over. Det tyskspråklege bidraget til europeisk tenking og kultur er formidabelt. Berre tenk på Luther, nasjonalromantikken og sosialdemokratiet, eller alle filosofane og komponistane. Kor mange hadde det vore igjen på den europeiske lista om ein hadde fjerna dei tyskspråklege?
Tysk er dessutan det framandspråket som er mest likt norsk og dermed lett å lære for oss nordmenn. Og Tyskland si rolle i dag som lokomotivet i Europa, både økonomisk og politisk, er eit faktum.
– Så kvifor er det ikkje fleire, kanskje særleg i Hansabyen Bergen, som vil lære seg tysk? undrar professoren.