Hjem
Det humanistiske fakultet

Studierett for tilsette ved HF

Tilsette ved Det humanistiske fakultet kan søke om studierett for å ta emne ved UiB.

Studenter på Sydneshaugen skole
Som tilsett ved UiB kan du melde deg opp til alle emne som ikkje stilller krav til ein særskilt studierett, eller særskilte forkunnskapar.
Foto/ill.:
Emil W. Breistein

Hovedinnhold

Ønsker du tilleggskompetanse frå UiB, kan du søke om å få studierett. Som tilsett kan du melde deg opp til alle emne ved UiB som ikkje stilller krav til ein særskilt studierett, eller særskilte forkunnskapar. 

Tilsette ved andre fakultet må søke sitt eige fakultet, mens tilsette i sentraladministrasjonen kan søke til det fakultetet dei skal ta emne ved.

Korleis søker du?

Søknadsfristen er 

  • For studiar i haustsemesteret: innan 15. august
  • For studiar i vårsemesteret: innan 15. januar

For å søke, bruk søknadsskjemaet til høyre på denne sida.

NB: Dersom du ikkje har vore registrert som student ved UiB tidlegare, må du legge ved dokumentasjon på at du har generell studiekompetanse. Dokumentasjonen kan vere vitnemål fra vidaregåande skole, eller vitnemål fra anna høgare utdanning som krev generell studiekompetanse.

Søknadane vert behandla fortløpande, og du får svar på e-post så snart søknaden din er behandla. Du kan få innvilga eitt semester med studierett om gongen, og må søke på nytt om du vil studere meir.

Kva må du gjere når du har fått studierett?

Når du har fått studierett som tilsett har du same plikter og rettar som andre studentar ved UiB, og må

  • betale semesteravgift
  • semesterregistrere deg
  • melde deg til undervisning og vurdering i StudentWeb

Fristen for å gjere dette er 1.februar om våren og 1. september om hausten. Det er ikkje mogeleg å gjere desse tinga etter fristen.

Sjå studentsidene for meir informasjon om betaling og semesterregistrering.