Hjem
Senter for digitale fortellinger
Nyheit

CDN lanserar CELL, the Index

Det nye verktøyet skal kombinere dugnadsbaserte wiki-plattformer med strenge fagfellevurderte akademiske databaser for å dokumentere elektronisk litteratur i Wikidata.

A digital space, disembodied hand pointing index finger at planet-like sphere
Foto/ill.:
Collage: Resource Database, via Unsplash license

Hovedinnhold

Senter for digitale forteljingar (CDN) ved UiB lanserer CELL, The Index, med mål om å revolusjonere digital humaniora-forsking på elektronisk litteratur.

Siden oppstarten i 2009 har CELL ønsket å bli den éine plattformen for å søke på tvers av fleire databasar for elektronisk litteratur. Etter nokre års inaktivitet revitaliserar CDN prosjektet som The Index.

Dette gir eit nytt grensesnitt, infrastruktur og datamodellar som tilbyr langsiktigheit og minskar byrder på individuelle forskarar. Med framveksten av lenka opne data, har det dugnadsbaserte kunnskapsgrafverktøyet Wikidata blitt valgt til jobben.

– Alt blir forskingsresultat, og samtidig bidreg vi til eit større nettverk av kunnskap, seier Hannah Ackermans, prosjektleiar i CELL, i ein presentasjon i årets ELO-konferanse.

Fordelane med Wikidata

– Vi må ta i betrakting dei rare og vakre måtane som elektronisk litteratur kan øydeleggje støypeformene vi vanlegvis dokumenterar litteratur og kunst i, og sjå på tradisjonane ulike stader dokumenterar slikt, sa Ackermans på ELO.

Wikidata passar godt i denne dynamikken og bringer med seg mange fordeler. Wikidata tillet også fleirspråkleg dokumentasjon som held fram trenden med global inklusivitet i elektronisk litteratur-feltet.

Å manuelt legge til informasjon som allereie er veldokumentert på internett er veldig lite effektivt. Ved å integrere fellesarbeidet i Wikidata med kvalitetskontrollen til ein fagfellevurdert database vil CELL, The Index sikte mot å auke mengda tilgjengeleg informasjon betrakteleg. CELL, i tillegg til UiB-prosjektet ELMCIP, er også verifiserte databasar i Wikidata, i likheit med ORCID og ISNI.

Integrasjonen utvidar tilgjengelege data med fleire størrelsesordenar, og med Wikidata sin Q-id får vi universielle identifikatorar til verk som tidlegare ikkje har hatt noko tilsvarande litteraturen sin «ISBN».

– Vi ynskjer at medlemma av CELL brukar desse unike Q-id-ane frå Wikidata til å referere til kunstverk innan elektronisk litteratur, seier CDN-teknolog Colin Robinson.

– Vi vil at forskinga vår skal bli sett, og vi vil at den skal vere nyttig.

Nytt liv i CELL

Prosjektet revitaliserar CELL og gir nye moglegheiter til å tilgjengeleggjere elektronisk litteratur til eit breiare publikum på ein bærekraftig måte, i tillegg til å promotere individuelle elektroniske litteratur-databasar som har gjort fundamental arbeid dei siste tiåra.

– Wikidata forsøker å dokumentere alt, som betyr at våre data kan bli sett av folk og prosessert av roboter utan tidlegare tilknytning til elektronisk litteratur, seier Ackermans.

Prosjektet koplar ulike forskingsdatabasar til API-et i The Index, som så sender det vidare til Wikidata, og held databasane oppdaterte. Endringar gjort direkte i Wikidata synkroniserar ikkje direkte til The Index, men dei blir overvåka.

The Index har ein taksonomi som er spesifikt relevant for elektronisk litteratur-feltet. Sjølv om plattformar som Wikipedia og systerprosjekt som Wikidata har enorme mengdar informasjon, manglar dei ofte påliteletheita som trengst i akademisk forsking. Vi byggjer bru over dette gapet ved å tilby ein fagfellevurdert database som kan bli brukt ved sidan av Wikidata, med både tilgjengelegheit og pålitelegheit.

– Dette er eit av dei første prosjekta som har løyst problemet: Korleis bruke noko globalt som Wikipedia, men også vere sikker på at data er nøyaktig og lagt inn av forskarar? Å ha ein slik database som eit mellomlegg løyser det problemet, seier Robinson.

Bli eit CELL-medlem

Forskarar kan finne og bidra til databasen utan å vere del av systemet, som auker synlegheita og tilgjengelegheita til digitale verk. Databasen blir eit nav for å søke spesifikke delar av Wikidata, medan den samtidig lenkar til eksisterande databasar, som gjer det lettare for forskarar å finne og dele informasjon.

Medlem i CELL tilpassar databasane sine til vår modell, og matchar data for å unngå duplikat, før dei eksporterar til CELL, The Index. Dette kan vi bistå med.

CDN ser også på moglegheita for å utvikle «forskingsdatabasar som plattform», og tilby databaser for mindre prosjekt innan elektronisk litteratur som har full støtte og integrasjon med CELL, The Index.

Referanse

Ackermans, Hannah; Tabbi, Joseph; Pyke, Tegan; and Robinson, Colin, "(Un)Linked Open Data: Documenting E-lit in Wikidata" (2024). ELO (Un)linked 2024. 29.https://stars.library.ucf.edu/elo2024/hypertextsandfictions/schedule/29