Jill Walker Rettberg snakkar om den nye boka si på BBC
Maskinvisjon på radio: Om historia til menneske som utvidar synet vårt med teknologi, på Start the Week.
Hovedinnhold
Professor Jill Walker Rettberg starta veka si på Start The Week, BBCs måndagsmorgonshow, der ho snakka om ERC-prosjektet Machine Vision og den nye boka si, Machine Vision: How Algorithms are Changing the Way We See the World.
Menneske har alltid brukt teknologi for å utvide det begrensa synet vårt, frå steinspegelen for 8000 år sidan til ansiktsgjenkjenning og overvåkingsprogramvare i dag.
Jill Walker Rettberg er professor i digital kultur ved Universitetet i Bergen. I boka si, Machine Vision, ser ho på konsekvensane av dei nyaste teknologiane, og korleis dei endrar korleis vi ser verda.
– Kva er å sjå? Da eg starta arbeidet med Machine Vision, hadde eg ideen om at sjølvkøyrande bilar, satellittar, alt, det er så mange måtar vi brukar teknologi for å sjå meir og annleis på, seier professor Rettberg, og utdjupar sanninga om selfies.
– Mobiltelefonen fortel oss ein sanning. Vi trur at det vi ser visuelt er sanninga. Susan Sontag seier at fotografering er å ta noko ut av verda, eller at vi tenkjer på det slik, sjølv om det tydelegvis ikkje er det, no som vi kan generere bilete.
Men korleis heng maskinvisjon saman med Monets impresjonistiske måleri? Lytt til episoden her (42 minutt) for å finne det ut!
Er det frykt og angst som gjer at vi lengtar ikkje berre etter ein teknologisk løysing, men ein teknologisk frelsar? Det er eitt av Rettbergs argument i boka, som ho vil snakke om i Bergen den 15. desember: What does AI feel like? Three talks and a conversation.