Hjem
Senter for digitale fortellinger
Flytting

Vi bur her no!

Senter for digitale forteljingar har flytta inn i sine nye lokale i Langes gate.

Langes gate, Bergen, glasshuset
Foto/ill.:
Andreas H. Opsvik/CDN, UiB

Hovedinnhold

Etter å ha venta tolmodig er Senter for digitale forteljingar no samla under felles tak i Langes gate 1 og 3.

– Det er ein draum vi har hatt lenge å endeleg samle heile senteret på éin stad, heller enn spreidd rundt på campus. Det gir oss moglegheita til å snakke saman, skape nye idear kjapt, og sosialisere saman som eit lag, seier senterleiar Scott Rettberg.

Langes gate 1 og 3 har ei lang historie for universitetet og Nygårdshøyden. Langes gate 3 blei bygd i 1839, og var opphavleg heimen til artillerikaptein J.F. Sandborg.

Seinare tok C. Sundt, byens rikaste handelsmann og mesén for Bergens Museum (UiBs forløpar), over eigedomen, og brukte det som familiens sumarbustad, der han kunne observere sin næraste nabo bli bygd – det nye Bergens Museum, landets første dedikerte museumsbygg. På 1870-talet fekk han Langes gate 1 konstruert.

"Fiskeriudstillingen i Bergen. Aabningsdagen." by Xylografi og sitat fra Skilling-Magazin, 9. september 1865, Sitat fra Illustreret Nyhedsblad 27. august 1865
Foto/ill.:
Illustrasjon fra 1865, Bergens Museum til høgre, Langes gate 3 til venstre. Xylografi Skilling-Magazin, 9. september 1865, Sitat fra Illustreret Nyhedsblad 27. august 1865

Museets næraste nabo

Byen kjøpte Langes gate 3 i 1913 for å forhindre ei ny bustadsblokk like ved museet (godt hjulpe av at museumdirektøren også var lokalpolitikar), og museet tok over bygninga i 1913. I universitetes fødselsår, 1946, tok det over Langes gate 1 i tillegg. Rettberg er nøgd med å kunne jobbe i slike historiske omgivnader:

– Det at vi flytter inn eit så nydeleg par med bygningar er ein bonus. Vi bringer ein av dei nyaste og mest aktive forskingsfelta saman med to av dei eldste historiske bygningane på UiB-campuset.

I UiBs tidlege år var Langes gate 1 rektors kontor, medan Langes gate 3 var heimen til direktøren for botanisk hage. Gjennom andre halvdel av 1900-talet har dei to bygningane husa fleire ulike delar av UiB, seinast Studieavdelinga.

I 2001 blei husa slått saman med ein glaspaviljong, som no utgjer inngangen vår.