Invitasjon til bidrag: special issue “Celebrating Joseph Tabbi and 30 Years of electronic book review”
Joseph Tabbi er grunnleggjaren av electronic book review, som feirar 30 år med samanhengande publisering, som ein av dei første vitskaplege "open access"-journalane på nettet.

Hovedinnhold
ebr var ein av dei første litterære journalane med opphav i internett, og er framleis ein av dei sentrale arnestadane for ny kritisk diskurs, metodar som utfordrar status quo, og verk som går i djupna på vår digitale framtids litteratur, teori, kritikk og kunst.
Tabbi er forfattar, nylegast på The Cambridge Introduction to Literary Posthumanism. Han har òg skrive biografien til forfattar William Gaddis, ein av dei viktigaste modernistiske/postmodernistiske skribentane i det 20. århundre, Nobody Grew but the Business: The Life of William Gaddis. Tabbi har som akademikar vore konstant kritisk engasjert med dei ulike krysningspunkta mellom vitskap og litteratur, som vist i sin monograf om kognisjon, sjølvrefleksivitet og autopoeiesis Cognitive Fiction.
Vi inviterar til bidrag for akademiske essays, korte bidrag, anmeldingar, bilete, remixar, og kreative arbeid innan digitale media til eit special issue av electronic book review som skal omhandle Joseph Tabbi sitt arbeid og karriere som forskar, organisator og pionér innan digital publisering.
Utvalde bidrag blir og lagt til eit festskrift for Joseph Tabbi.
Deadline for bidrag: 4. mai 2025
Send inn bidrag online: https://boap.uib.no/index.php/ebr/about/submissions
For akademiske bidrag, følg instruksjonane i innsendingssystemet. For kreative arbeid og bilete, inkluder eit kort samandrag med beskriving av verket, ei lenke til verket, og andre supplerande mateiraler i éi PDF-fil