Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
Arrangements- og formidlingsstøtte

Vårens tildelingar av Polyfons arrangements- og formidlingsstøtte

Denne våren har Polyfon delt ut arrangements- og formidlingsstøtte til 6 ulike formidlingsprosjekt, initiert av tilsette ved Bergen kommune, Helse Førde, Kinn kommune, Haukeland universitetssjukehus, Betanien DPS og Universitetet i Bergen, og av musikkterapistudentar ved UiB og NMH.

mikrofon
Foto/ill.:
Kane Reinholdtsen, unsplash.com

Hovedinnhold

Første utlysing i 2022

Karin Mössler ved Bergen kulturskole, Bergen kommune, fekk i tildelt støtte til å arrangera workshop om kreativ og interaktiv stimming med Katja Gottschewski på Bergen kulturskole. Allereie i mars vart workshopen gjennomført, og vi fekk følgjande gode tilbakemelding i etterkant:

Glade ansikter etter en flott og lærerik workshop om kreativ og interaktiv stimming med Katja Gottschewski på Bergen kulturskole. Katja er en autistisk musikkterapeut som snakket kunnskapsrikt, erfaringsrikt og med en fin formidlingsevne om autistisk kultur og hvor viktig det er å ta vare på de sensoriske interessene til autistiske barn vi jobber med.  Vi fikk oppleve at stimming kan være utgangspunkt for kreativ utfoldelse og samspill. Stimming virker regulerende og kan øke konsentrasjonen – her er det mye å hente fra!

Gunn Karoline Fugle frå Helse Førde, i samarbeid med Jorunn Bakke Nydal frå Kinn kommune, fekk tildelt støtte til gjennomføring av GIM vidareutdanning for musikkterapeutar og helsepersonell med musikkfagleg bakgrunn. Dei to første kurshelgene (av fire) er allereie gjennomført, og Gunn Karoline fortel at tilbakemeldinga frå kursdeltakarane er svært positiv.

Musikkterapistudentane ved UiB og NMH fekk tildelt støtte til å arrangera kurs i musikkteknologi for studentar og nyutdanna musikkterapeutar. Kurset vart gjennomført i april, og deltakarane opplevde kurset som svært matnyttig.

Andre utlysing i 2022

Geir Olve Skeie ved Haukeland universitetssjukehus, i samarbeid med Kjetil Vikene (UiB, Psykologisk fakultet), har nyleg fått støtte til å arrangera eit tverrfagleg seminar til hausten, der Jefferson Todd Frazier, system-direktør for Houston Methodist Hospital’s Center for Performing Arts Medicine, vil formidla sine erfaringer fra Houston der kunstterapi i ulike former (bildekunst, musikk) har blitt ein integrert del av behandlings- og det psykososiale tilbodet. Seminaret vil bli eit møtepunkt for miljø i Bergen i krysspunktet mellom medisin, psykologi og musikkterapi. 

Ved Betanien DPS jobbar musikkterapeut Nathan Smith med å spela inn ein song og tilhøyrande musikkvideo saman med ein pasient på døgnpost. Innspelingsprosjektet får no støtte frå Polyfon, og dette vil bli ein film kor pasienten og musikkterapeuten saman dokumenterer situasjonen som utskrivningsklare pasientar kan vera i. Som det stod i søknaden:

En potensiell hardtslående og rørende musikkvideo som kan skape etterlengtet oppmerksomhet rundt temaet «Sårbare mennesker bor på sykehus i årevis, i Norge, i 2022, fordi vi ikke har boliger til dem».

I tillegg har erfaringskonsulentane/medforskarane Bjarte Johannesen og Morten Sommerbakk fått støtte til at dei saman med Lars Tuastad (UiB, Griegakademiet) kan delta på jubileumskonferansen i musikkterapi: «Konsonanser og dissonanser; Norsk musikkterapi var – er – og blir». Både Bjarte og Morten er med i programmet: dei deltar med foredraget «Fra stigmatisering til involvering» saman med Lars Tuastad, dei samarbeider om posteren «Gjenklang», og dei er også del av rundeborddiskusjon om brukarstemmen i musikkterapi.

Vi gler oss over mykje god formidlingsaktivitet i klynga!