Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
NY FRIVILLIG RÅDGJEVAR I POLYFON

Nina Bolstad blir ein del av Polyfons sekretariat

Nina Bolstad får ei frivillig rådgjevarrolle i kunnskapsklynga Polyfon. Hennar kompetanse og erfaring, kombinert med kunnskapsklyngas behov for å styrke arbeidskapasiteten i sekretariatet, gjer at dette vil gje nye mogelegheiter for klyngesamarbeidet framover.

Nina Bolstad
Nina Bolstad har arbeidd mykje med tenesteutvikling innan barnevern og psykisk helse barn og unge.
Foto/ill.:
Privat.

Hovedinnhold

Polyfons styringsgruppe har etablert ei frivillig rådgjevarrolle i Polyfon og Fakultet for kunst, musikk og design (UiB) har godkjend at Nina Bolstad får denne rolla.

Nina Bolstad, som nyleg vart pensjonist, har gjennom eit langt arbeidsliv arbeidd med tenesteutvikling innan barnevern og psykisk helse barn og unge, både i Bufetat Vest og i Bergen kommune. Samspelet mellom praksis og kunn­skaps­utvikling har vore noko av det ho har arbeidd mykje med, der ho dei siste åra har vore leiar for Avdeling for kunnskaps­utvikling, Etat for Barn og familie i Bergen kommune.

Bolstad har deltatt aktivt i Polyfon-samarbeidet gjennom det meste av klyngas levetid. Bolstad har m.a. i fleire år vore ein driftig leiar for Polyfons arbeidsgruppe for barn og unges oppvekst. Då det regjeringsutnemnde Musikkutvalet i januar i år arrangerte ein temadag om musikkterapi / musikk og helse, representerte Nina Bolstad kunnskapsklynga Polyfon, saman med styringsgruppeleiar Randi-Luise Møgster.

Ei samla styringsgruppa har slutta seg til klyngeleiars vurdering om at Bolstad vil kunne bidra på fleire viktige måtar i vidare utvikling av klyngesamarbeidet. Arbeidsoppgåver vil m.a. vere å bidra til sekretariatet sitt arbeid med i) oppfølging og rådgjeving av klyngedeltakarar, ii) samspel mellom aktuelle praksis- og forskings­miljø og iii) strategisk utvikling av rammer for og samansetjing av klyngesamarbeidet.

Vi ønskjer Nina velkomen i den nye rolla og gler oss til samarbeidet!