Kristopher Schau lurar på kva forskarane våre driver med
«Nysgjerrige Norge» besøkte Senter for digitale forteljingar (CDN) for å snakke om forskinga, senteret og kva greia med digitale forteljingar eigentleg er.

Hovedinnhold
Nysgjerrige Norge er ein podcast finansiert av Noregs forskingsråd, der programleiar Kristopher Schau møter leiarane for 12 av Forskningsrådets sentre for framifrå forsking (SFF). Gjennom serien får vi eit innblikk i kva og kvifor norske forskarar forskar på det dei gjer, samt korleis forskinga deira kan påverke samfunnet.
Vår leiar og nestleiar, professorane Scott Rettberg og Jill Walker Rettberg, er intervjua i den nyaste episoden.
– «Digitale forteljingar», er det det same som «historieforteljing»?, spør Schau.
– Dei er samanliknbare, men digitale forteljingar omfattar meir enn det vi tradisjonelt sett ville kalt historieforteljing, til dømes konspirasjonsteoriar på internett basert på innblanding i valg. Historieforteljing er kjerna i det, men påverka av algoritmisk narrativitet, svarar Scott Rettberg.
– Algoritmisk narrativitet er når du folk forteljer historier, men i interaksjon med algoritmar, AI, eller berre internett og teknologiar som det. Om senteret vårt har eit sentralt argument er det at møtet mellom teknologi og menneskets verkeleg gamle ferdigheit, å fortelje historier til kvarandre, skapar nye ting som vi ikkje forstår godt nok i dag, svarar Jill.
Eit felt i enormt rask utvikling
Professorane understrekar behovet for å forstå at digitale forteljingar ikkje berre handlar om sjølve historiene, men også om teknologien som formar dei. Dei oppmodar til meir forsking på samhandlinga mellom menneske og teknologi i historieforteljing, og meiner at vi står overfor ei ny æra i utviklinga av narrativ – i enormt rask endring.
– Trur du det har skjedd noko berre medan vi har satt her? spør Schau.
– Det er eg sikker på. Berre mellom kvar episode av [podcasten vår] «AI Update» skjer det fem ting vi burde ha diskutert, svarar Scott.
– Eg har alltid elska nye ting. Det er ein av tinga som gjorde meg interessert i forsking til å byrje med, og å arbeide under slike store endringar er spennande, seier Jill.
Sidan 3. februar er det kome éin episode kvar måndag på alle store podcastplattformer og forskning.no. I tillegg til episoden med Scott og Jill, kan du også høyre intervju med Alexander Wright Cappelen og Bertil Tungodden frå FAIR på Norges handelshøyskole, samt hjerneforskarane May Britt og Edvard Moser ved NTNU. Totalt vil det bli publisert 12 episodar, med ein ny episode kvar veke fram til 21. april.