Hjem
Senter for digitale fortellinger
TMF project

ALGOFOLK

Gabriele de Seta leder prosjektet «Algorithmic folklore: The mutual shaping of vernacular creativity and automation».

ALGOFOLK logo
Foto/ill.:
Valeria Acosta, CDN/UiB

Hovedinnhold

Korleis formar kreative kvardagshendingar og algoritmer kvarandre? Algoritmer er komplekse, og som alt vi ikkje kan forstå rett ut, lagar menneska historier og myter rundt korleis desse moderne maskinene fungerar.

Trond Mohn-stiftinga har tildelt eit Starting Grant til Gabriele de Seta, som no får moglegheit og rom til å danne si eiga forskingsgruppe til å undersøke dette.

– Eg trur det er mange misforståingar, og mange interessante forståingar, som vi må ta meir seriøst, sa de Seta frå scena i aulaen under utdelinga.

– Spesialistar veit kva algoritmer er, men folk veit ikkje nødvendigvis så mykje. Eg vil finne ut korleis folk lagar historier, narrativ, og det eg kallar algoritmisk folklore, for å forstå desse komplekse tekniske objekta.