Polyfons strategi 2024-2030
Kunnskapsklynga Polyfon arbeider nasjonalt for å styrke det tverrfaglege samarbeidet om musikk som folkehelseressurs og for at musikkterapi skal vere tilgjengeleg for alle som ønskjer og treng det.
Hovedinnhold
Visjon, mål, satsingar og verkemiddel fram mot 2030
20. mars 2024 vedtok Polyfons styringsgruppe den nye strategien for klynga.
Polyfons faglige plattform - Strategi 2024-2030 skisserer det faglege og verdibaserte grunnlaget for Polyfon som ein permanent, nasjonal samarbeidsstruktur.
Strategien erstattar Polyfons faglege plattform som gjaldt frå april 2021 til mars 2024, som igjen erstatta prosjektskissa frå februar 2014 (det faglege grunnlagsdokumentet for Polyfons prosjektperiodar 2015-2020 og for interimsperioden i 2021).
Les meir om strategiprosessen og strategigruppa.
Eit tverrfagleg felt
Klyngesamarbeidet omfattar formidling, tenesteutvikling, forsking og utdanning.
Som det går fram av dokumentet, blir ikkje musikkterapi forstått snevert som ein metode, men som eit tverrfagleg felt som kan stimulere samarbeid og samskaping for ressursorienterte, brukarinvolverte og berekraftige tilbod og tenester.
Kunnskapsklynga Polyfon spring ut av musikkterapifaget, men arbeider med å utforske og formidle heile spekteret av samanhengar mellom musikk og helse, der helse blir forstått breitt, som ein ressurs for livskvalitet, meistring, læring og samfunnsdeltaking.
Helseomgrepet som vart brukt i strategien, går med andre ord på tvers av etablerte grenser mellom sektorar.