Frå prosjekt til fast, nasjonal samarbeidsstruktur
I 2021 kunne vi glede oss over tre nye klyngedeltakarar: Helse Fonna, Norges musikkhøgskole og Partssamarbeid Vestland. Ein annan positiv ting: Klyngas forskingsaktivitet er i ferd med å spreie seg til dei fleste deltakarane i Polyfon, også kommunar og små helseføretak.
Hovedinnhold
Kunnskapsklynga Polyfon arbeider for at musikk som helseressurs skal takast i bruk i heile landet, på ein brukarorientert og kunnskapsinformert måte. Årsmeldinga for 2021 dokumenterer arbeidet i interimsåret, der klynga gjekk frå å vere eit prosjekt til ein fast, nasjonal samarbeidsstruktur.
Kapittel 1 gjev eit oversyn over klyngas målsetjingar og strukturar.
Kapittel 3 gjev ei kronologisk skisse av utvald klyngeaktivitet gjennom året, med omtale av små og store steg i retning av realisering av klyngas målsetjingar.
Kapittel 4 presenterer klyngas arbeid med tenesteutvikling, der vi m.a. omtalar spennande utvikling i Bergen kommune og Helse Fonna.
Kapittel 5 gjev eit oversyn over forsking og prosjektutvikling i klynga, der det er svært gledeleg at forskingsaktiviteten er i ferd med å spreie seg til dei fleste deltakarane i klynga, også kommunar og små helseføretak.
Kapittel 6 presenterer aktivitet og indikatorar innan utdanning, der vi m.a. ser at Polyfon bidreg til eit samspel mellom praksisfeltet og dei to profesjonsutdanningane i musikkterapi. Etter initiativ frå Høgskulen på Vestlandet, vart det i 2021 også etablert ei eiga arbeidsgruppe for tverrfagleg samarbeid om profesjonsutdanning.
Kapittel 7 gjev eit oversyn over Polyfons arbeid med informasjon og kommunikasjon, der det er mykje god aktivitet samstundes som manglande eller overflatisk kjennskap til musikkterapi i samfunnet kan framleis reknast som ei hindring for implementering og fagutvikling.
Kapittel 8 skisserer mekanismane for samhandling i kunnskapsklynga, der vi etter pandemiavbrotet i 2020 endeleg kunne ønskje velkomen til ein ny Polyfon-konferanse! Med klyngas nye struktur, vil det i åra framover dessutan vere eit stort behov for å utvikle nye digitale samhandlingsreiskapar.
Kapittel 9 handlar om klyngas vidare vegval. I interimsperioden i 2021 vart to viktige grunnlagsdokument for klynga utarbeidde, nemleg ein klyngeavtale og ein fagleg plattform. Desse dokumenta vert ein viktige del av grunnlaget for den strategiprosessen klynga vil initiere hausten 2022.