3 dagar med fag, god musikk og kjekke folk
I samarbeid med Gjenklang, Norsk foreining for musikkterapi og forskingssenteret GAMUT kan Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi tilby rike mogelegheiter for å oppleve musikk både kvelden før og kvelden etter Polyfon-konferansen 7. november.
Hovedinnhold
Musikk er ein integrert del av Polyfon-konferansen, sjølvsagt. I løpet av ein tettpakka konferansedag er det likevel avgrensa rom for dette. Vi tykkjer difor at det er viktig at det i samband med konferansen er musikkarenaer der du kan lytte til variert musikk, møte vener, snakke med andre med interesse for musikkterapi og rett og slett ha det litt kjekt.
Det er ein tradisjon for Polyfon-konsertar i samband med konferansen. Gjennom samarbeid med Gjenklang, Norsk foreining for musikkterapi og GAMUT kan vi også i år trå til litt ekstra og tilby ein liten «minifestival», med konsert både kvelden før konferansen og kvelden etter. Begge konsertar er på Statsraaden på Bryggen i Bergen sentrum.
Her er mykje fin musikk å sjå fram til!
6. november: Polyfon-konsert på Statsraaden
Polyfon-konsert i samarbeid med Gjenklang, ei foreining som legg stor vekt på brukarinvolvering og er tufta på verdiar som likeverd og rettferd.
Foreininga Gjenklang arbeider for sosial deltaking, nettverksbygging og bruk av musikk som kvardagsressurs. Gjenklang byggjer kulturtilbod med trygge rammer for artistar og andre med tilknyting til musikkterapi.
Gratis konsert. Alle er velkomne!
Sjå kalenderoppslaget for meir informasjon.
7. november: Musikkterapikonsert og jam på Statsraaden
Fylkeslaget av Norsk foreining for musikkterapi og GAMUT arrangerer konsert og jam for musikkterapimiljøet. Vener, samarbeidspartnarar og Polyfon-konferansens deltakarar er også inviterte. Gratis inngang. Det blir jam i løpet av kvelden, så ta gjerne med instrument!
Sjå kalenderoppslaget for meir informasjon.
_____________________________________________
Konsertane er del av ein "mini-festival" i dagene rundt Polyfon-konferansen 2024, med inspirasjonsdag, konsertar og arbeidsseminar:
- 6. november: nasjonal inspirasjonsdag for musikkterapeutar i eldreomsorga (gratis)
- 6. november om kvelden: Polyfon-konsert arrangert i samarbeid med Gjenklang (gratis)
- 7. november: Polyfon-konferansen 2024
- 7. november om kvelden: Musikkterapikonsert og jam arrangert i samarbeid med NFMT og GAMUT (gratis)
- 8. november, dagen etter konferansen, oppmodar vi Polyfons arbeidsgrupper og ulike nettverk til å arrangere interne arbeidsmøte. Dersom de treng hjelp til å reservere rom for eit slikt arbeidsseminar, ta kontakt på Polyfons e-post-adresse.