Strategi og handlingsplan fram mot 2030
Kunnskapsklynga Polyfon arbeider nasjonalt for å styrke det kunnskapsinformerte og tverrfaglege samarbeidet om musikkterapi som behandling og helsefremmande arbeid og musikk som folkehelseressurs.
Hovedinnhold
Polyfons Strategi 2024-2030
Polyfons Strategi 2024-2030 skisserer det faglege og verdibaserte grunnlaget for Polyfon som ein permanent, nasjonal samarbeidsstruktur.
Strategien beskriv visjon, målsettingar, satsingar og verkemiddel fram mot 2030.
Les meir om strategiprosessen og strategigruppa.
Polyfons Handlingsplan
Polyfons Handlingsplan 2026, vedtatt 9. desember 2026, konkretiserer arbeidet med å realisere Polyfons strategi.
Handlingsplanen vil verte rullert årleg, med prioritering av konkrete tiltak for kvart kalenderår i klyngesamarbeidet.
Eit tverrfagleg felt
Klyngesamarbeidet omfattar formidling, tenesteutvikling, forsking og utdanning.
Som det går fram av både Strategien og Handlingsplanen, blir ikkje musikkterapi forstått snevert som ein metode, men som eit tverrfagleg felt som kan stimulere samarbeid og samskaping for ressursorienterte, brukarinvolverte og berekraftige tilbod og tenester.
Kunnskapsklynga Polyfon spring ut av musikkterapifaget, men arbeider med å utforske og formidle heile spekteret av samanhengar mellom musikk og helse, der helse blir forstått breitt, som ein ressurs for livskvalitet, meistring, læring og samfunnsdeltaking.
Helseomgrepet som er brukt i klyngas plandokument, går med andre ord på tvers av etablerte grenser mellom sektorar.
