Tverrfaglege sommarstipend for studentar
Polyfon arbeider med å byggje kultur for samarbeid. GC Rieber Fondene gir klynga kr. 240 000 i støtte i 2025, til etablering av seks tverrfaglege sommarstipend for studentar med prosjektidear innan temaområda musikkterapi og musikk & helse.
Hovedinnhold
Å arbeide med musikk og helse handlar i stor grad om å mobilisere ressursar hjå individ og samfunn. Dette realiserer vi best i og gjennom tverrfagleg samarbeid. Støtta frå GC Rieber Fondene skapar nye mogelegheiter for dette.
Bakgrunn
Dei siste 10-15 åra har vi i aukande grad sett at helsemyndigheitene tar musikkterapeutisk forsking på alvor og integrerer tilrådingar av musikkterapi i sine nasjonale, faglege retningslinjer på ulike område. Samstundes har vi erfaring med at tenestene ofte har utfordingar med å ta til seg nye arbeidsmåtar, også når dei er kunnskapsbaserte. Dette er bakgrunnen for etableringa av den UiB-koordinerte kunnskapsklynga Polyfon. Klynga byggjer bru mellom forskingsmiljøa og praksisfeltet, bidrar til at ny kunnskap blir tatt i bruk og til at erfaringar gjort i praksisfeltet får stor betyding når nye forskingsprosjekt vert planlagde.
Polyfon fekk vesentleg støtte frå GC Rieber Fondene i oppbyggingsfasen 2015-2017, noko som bidrog sterkt til at det var mogeleg å byggje ei solid kunnskapsklynge på dette området. Når vi no får ny støtte frå GC Rieber Fondene, til styrking av det tverrfaglege samarbeidet i klynga, opnar det for nye mogelegheiter.
Polyfons erfaring med sommarstipend for musikkterapistudentar
Inspirert av ei gåve frå Christian Rieber, i samband med at han fekk Christieprisen i 2015, har Polyfon mange års erfaring med å tildele sommarstipend til musikkterapistudentar. Erfaringane er gode: Ordninga byggjer forskingskompetanse og motivasjon hjå nye generasjonar fagpersonar, noko som er særs viktig i eit nytt fagfelt. Samstundes bidreg studentane med ny kunnskap av verdi for både fag og samfunn, t.d. knytt til brukarundersøkingar, kunnskapsbeskrivingar for ulike praksisfelt og pilotprosjekt for nye forskingsområde. Dette kjem fram av Polyfons årsmeldingar.
Kvifor det er viktig å gjere ordninga med sommarstipend tverrfagleg
Kva er så målet med å opne ordninga med sommarstipend for studentar frå andre fagfelt, som biologi, medisin, sjukepleie, psykologi, pedagogikk, humaniora, jus og samfunnsvitskap? Bakgrunnen er at Polyfon over tid har erfart at musikkterapi er «større enn seg sjølv» og at tverrfagleg samarbeid er ein føresetnad for optimal kunnskaps- og praksisutvikling på fagfeltet.
Med formuleringa «større enn seg sjølv» peikar vi på korleis musikkterapi er eit svært tverrfagleg område: Musikken påverkar både kroppen og hjernen vår, samtidig som musikk er noko svært personleg og sosialt på same tid. Musikkterapiforskarar arbeider difor saman med forskarar frå ei rekkje fag for å sikre nødvendig fagleg tyngde i forskingsaktiviteten. Å gjere ordninga med sommarstipend tverrfagleg, ser vi då som ein god strategi for å styrke den tverrfaglege samarbeidskulturen i kunnskapsklynga.
Noko av det vi vonar å oppnå
Med tverrfaglege sommarstipend ønskjer Polyfon å stimulere nytenking, byggje styrkt forskingskompetanse og rekruttere nye talent:
- Nytenking og kreativitet: Å samle studentar med ulike bakgrunn gjev tilgang til ulike perspektiv, noko som kan føre til nye og innovative prosjektidear.
- Styrkt forskingskompetanse: Tverrfagleg samarbeid gir studentane høve til å utvikle forskingskompetansen sin og evne til samarbeid om komplekse problemstillingar.
- Rekruttering av nye talent: Sommarstipend tiltrekkjer seg talentfulle studentar og bidra til å sikre god rekruttering til feltet i framtida.
Stipendordninga kan også motivere studentar i ulike fag og profesjonsutdanningar til å skrive masteroppgåver om tema knytt til musikkterapi / musikk og helse, noko som i neste omgang kan danne grunnlag for utvikling av nye prosjektidear.