Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
Polyfon-konferansen 2024

Strøyming av konferansen 7. november

Polyfon har ei nasjonal orientering og vi ønskjer at flest mogeleg kan få kjennskap til det faglege utviklingsarbeidet i kunnskapsklynga. Det bli difor enkel strøyming av den delen av Polyfon-konferansen som går i plenumssalen.

Bilde av to personar framføre ein datamaskin
Strøyming gjer det mogeleg å følgje den delen av Polyfon-konferansen som går i plenumssalen.
Foto/ill.:
John Schnobrich på Unsplash

Hovedinnhold

Den levande musikken, parallell-sesjonane, deltaking i diskusjonane, posterutstillinga, lunsjpraten… Det er mange gode grunnar til å få med seg Polyfon-konferansen «fysisk». 2024-konferansen blir arrangert i Høgskulen på Vestlandet (HVL) sine lokale på Kronstad i Bergen. Vi takkar HVL - som er ein av Polyfons klyngedeltakarar - for godt samarbeid!

Ikkje alle har høve til å reise på Polyfon-konferanse kvart år. Så, vi legg opp til strøyming av den delen av konferansen som går i plenumssalen.

Lenke til strøyminga av 2024-konferansen: https://vimeo.com/event/4695960

VIKTIG MELDING: PGA PROBLEM MED STRØYMELENKA OVER, MÅ VI OVER PÅ BACK-UP STRØYMING, BRUK DENNE LENKA:

https://vimeo.com/event/4695974

 

Generell informasjon om Polyfon-konferansen

Polyfon-konferansen er ein årleg møteplass for inspirasjon, kunnskapsformidling, erfaringsdeling, dialog og diskusjon.

Konferansen samlar brukarar, praktikarar, forskarar og leiarar med interesse for korleis musikk kan vere ein ressurs for helse, livskvalitet og samfunnsdeltaking.

  • Har du lyst til å bidra på Polyfon-konferansen neste år? Ny konferanse blir annonsert i løpet av vårsemesteret, sjå retningslinjene for bidrag her.
  • Omtale av tidlegare års konferansar finn du her.