Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
Seminar

Inspirasjonsdag for musikkterapeutar i alderspsykiatrien – "Kva gjer me og korleis gjer me det?"

Onsdag 6.november arrangerer musikkterapeutane i eldreomsorga i Bergen og Øygarden kommune ein inspirasjonsdag for fagleg påfyll i samarbeid med Polyfon.

Plakat om inspirasjonsdag 6. november 2024
Foto/ill.:
Bergen kommune/Øygarden kommune.

Hovedinnhold

Musikkterapeutane på Kompetansesenter for demens og psykisk helse i eldre år, Bergen kommune, og musikkterapeutane i Øygarden inviterer til inspirasjonsdag!

Inspirasjonsdagen er for studentar og musikkterapeutar i eldreomsorga og finn stad på Alrek Helseklynge frå kl. 08:30-15:30.

Målet med inspirasjonsdagen er å styrke banda mellom musikkterapeutar i eldreomsorga gjennom innlegg og samtalar med praksisnær tematikk. Vi ynskjer å belyse nyansane og kompleksiteten i dei psykososiale behova i eldreomsorga og korleis musikkterapeuten kan møte desse behova.

 

Her er noko av tematikken vi skal innom:

  1. Musikkterapistillinga - dei ulike hattane: Kva inneheld di stilling som musikkterapeut i eldreomsorga? Kva roller får du utdelt? Kva forventningar har andre til oss, og kva forventningar har vi til oss sjølve? Her vil det vere moglegheit for å utveksle erfaringar.
  2. Det musikkterapeutiske tilbodet: Systema er bygde opp ulikt. Korleis skapar ein kvalitet og kontinuitet i eit musikkterapeutisk forløp? Vi ynskjer å inspirere kvarandre i korleis vi møter utfordringar gjennom konkrete praksiseksempel.

Har du erfaringar du ynskjer å dele frå din eigen arbeidskvardag? Skriv kort om dette i påmeldingsskjemaet.

 

Inspirasjonsdagen er gratis og blir arrangert med støtte fra Polyfon.

Ta kontakt med Stine Andrea Sognnes for spørsmål.

_____________________________________

Inspirasjonsdagen er del av ein "mini-festival" i dagane rundt Polyfon-konferansen 2024, med inspirasjonsdag, konsertar og arbeidsseminar:

 

MER INFORMASJON OM POLYFON-KONFERANSEN