Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
NYTT FORSKINGSPROSJEKT

Ei EU-tildeling som vil gjere ein forskjell

Forskingssenteret GAMUT melder at teamet til Christian Gold har fått ei tildeling på nærare kr. 100 millionar frå EU til gjennomføring av prosjektet: «Fighting Addictions, improving Lives: COmprehensive drug rehabilitation with music (FALCO)».

folkemengde
Foto/ill.:
Goashape Studio, Unsplash

Hovedinnhold

– Vi ønskjer å finne ut korleis ein best kan møte individuelle behov, seier prosjektleiar Christian Gold (NORCE), som også framhevar potensialet i at musikk kan påverke belønningssenteret i hjernen, utan dei skadelege effektane som rusmiddel har.

Behov for meir kunnskap

Det er eit svært viktig prosjekt som forskarteamet med base i NORCE no får høve til å gjennomføre.

Etter at musikkterapi vart tilrådd som behandling i rusbehandlingsretningslinja i 2016, har fleire kommunar og helseføretak implementert musikkterapi innan rusbehandling. Ei rekkje brukarundersøkingar viser at dette er tilbod som brukarane har hatt glede og nytte av.

Likevel er ikkje den nasjonale implementeringa på langt nær så systematisk som retningslinjer og brukarundersøkingar skulle tilseie.

Somme har også argumentert med at evidensgrunnlaget for musikkterapi i rusbehandling er for svakt.

Det er difor eit klart behov for meir kunnskap om effektane av musikkterapi i denne sektoren.

Solide nettverk og grundige førebuingar

I 2022 viste ei Cochrane-oversikt, også gjennomført av forskarar ved GAMUT, at musikkterapi har dokumenterte effektar innan rusbehandling, m.a. når det gjeld behandlingsmotivasjon og russug.

Cochrane-oversikta har også vist at det er klare manglar i evidensgrunnlaget, m.a. av di mange studiar har vore små og kortvarige. Her kjem prosjektet FALCO inn med ei heilt anna tyngde enn det tidlegare forsking på dette feltet har hatt.

Prosjektet har nådd opp i ein hard internasjonal konkurranse, m.a. av di det er grundig førebudd, byggjer på innsiktene frå tidlegare forsking og er forankra i eit solid internasjonalt forskarnettverk. 

Vi ønskjer forskarteamet lukke til i arbeidet med dette viktige prosjektet!