No blir Polyfons årsmelding omsett til japansk
Musikkterapimiljøet i Bergen har hatt besøk frå Japan, med forskaren Masao Sugita ved Fukushima University i spissen. Gjestane har møtt Brynjulf Stige for samtalar om kunnskapsklynga Polyfon og dei har blitt kjende med ulike musikkterapeutiske tilbod i regionen.
Hovedinnhold
Samfunnsmusikkterapi
Samfunnsmusikkterapiens vektlegging av menneskerettar, fellesskap og deltaking er noko av det som har skapt interesse i det japanske fagmiljøet. Gjestane er Masao Sugita, Takako Ito og Tomoko Shibata, der den første er universitetsforskar med musikkpedagogikk og samfunnsmusikkterapi som fagområde, medan dei to andre er musikkterapeutar.
Problemstillingar dei japanske fagpersonane ønskte å drøfte under vitjinga i Bergen var:
- Samarbeidet mellom akademia, utøvarar og brukarar i Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
- Rammevilkår for samfunnsmusikkterapeutisk praksis i ulike kontekstar
- Fellestrekk og skilnader mellom samfunnsmusikkterapi, musikkpedagogikk og kulturarbeid
- Forholdet mellom omgrepa kunstnarleg medborgarskap (artistic citizenship) og relasjonell omsorg
Nye publikasjonar
I løpet av besøket fekk dei japanske gjestane høve til å gjere seg kjende med fleire musikkterapeutiske praksiskontekstar, innan helse-, opplærings- og kultursektoren. Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi nyttar høvet til å takke alle musikkterapeutane som har vore med på å lage eit rikhaldig fagprogram for gjestane: Øystein Lydvo, Roar Finsås, Daniel Garces, Tora Söderström Gaden, Johannes Melhus Medlien og Viggo Krüger. Vi takkar også musikarane i Soul Party og alle andre som har gjort dette til ei variert og innhaldsrik veke!
Den japanske universitetsforskaren Masao Sugita, som tidlegare har gått i bresjen for å omsetje norsk musikkterapilitteratur om samfunnsmusikkterapi til japansk, fortel at han og kollegaene no er i gong med å skrive originale japanske artiklar og bøker innan denne delen av musikkterapifeltet.