Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
Kvifor musikk – i kvardag og klinikk

Polyfon-konferansen 2024

Kva gjer musikken med oss og kva kan vi gjere med musikk? Polyfon-konferansen 2024 vil løfte fram ulike perspektiv på kva musikk kan vere og knyte dette til sentrale utviklingstendensar og utfordringar i dagens samfunn.

Polyfon-konferansen 2024
Foto/ill.:
Polyfon

Hovedinnhold

Polyfon-konferansen 2024 går av stabelen 7. november. Konferansen er eit samarbeid mellom Polyfon, UiB og Høgskulen på Veslandet, og vi er nok ein gong så heldige å få ta i bruk dei fine lokala til HVL på campus Kronstad. Konferansen blir gjennomført med bidrag frå L. Meltzers Høyskolefond.

Konferansen er open for alle interesserte. Konferansedeltaking er gratis for brukarar og bidragsytarar og for alle som er tilsett eller student hos ein av Polyfons 15 klyngedeltakarar.

Tema for konferansen

Kva gjer musikken med oss og kva kan vi gjere med musikk? Polyfon-konferansen 2024 vil løfte fram ulike perspektiv på kva musikk kan vere og knyte dette til sentrale utviklingstendensar og utfordringar i dagens samfunn.

Program

Konferansier i år vert Astrid Kvalbein, rektor ved Noregs musikkhøgskole.

Med atterhald om at det kan kome endringar i programmet.

Program

10.00-10.15: Musikkinnslag

10.15-10.30: Opning

10.30-11.10: Plenumspresentasjon: Hvorfor er musikk så viktig for oss mennesker? Ved Nora Bilalovic Kulset (NTNU)

11.10-11.20: Boklansering: «Etableringshåndbok for musikkterapi i rus- og psykisk helsetjeneste (rev. utg.)» Gro Trondalen & Hans Petter Paulen Solli (NMH)

11.20-11.40: Pause/posterutstilling

11.40-12.20: Plenumspresentasjon: Musikkterapi i tvungent psykisk helsevern: et samspill på kanten? Ved Oda Dypvik Bjørke & David Galea (Lovisenberg Diakonale Sykehus)

12.20-13.00: Lunsj

13.00-14.30: Parallelle sesjonar i 4 spor + Rundebordsdiskusjon

14.30-14.50: Pause/posterutstilling

14.50-15.30: Plenumspresentasjon: Brukermedvirkning i forskning – Forutsetninger for godt samarbeid. Ved Anne Blindheim (Haukeland universitetssjukehus). Etter presentasjonen: paneldiskusjon.

15.30-16.10: Plenumspresentasjon: Musikk og helse i barn og unge sin oppvekst: Perspektiv på tverrfagleg samarbeid. Ved Kaja Elise Enge & Charlotte Johannesen (Bergen kommune), Christine Langeland & Merete Hoel Roaldsnes (Møre barne- og ungdomsskule, Ålesund)

16.10-16.15: Avsluttande informasjon/refleksjon

16.15-16.30: Musikkinnslag

 

Posterutstilling

KRISTI STEDJE
Demens, språk og musikk: foreløpige resultater fra en scoping review

MARI WALTHAUG
Et meningsfullt liv på sykehjem Om demens, musikkterapi og opplevelsen av mening

GRO TRONDALEN & HANS PETTER PAULI SOLLI
Etableringshåndbok for musikkterapi i rus- og psykisk helsetjeneste: rev. utgave

ANNE SIRI LANGELANDSVIK
Lydbad kan ha stor terapeutisk verdi – erfaringer fra rusbehandling

MERETHE WOLF LINDVALL & JENS ERIK AASMUNDSETH
Musikkterapi i Palbu ved Haukeland universitetssjukehus

CAROLYN MAGNUSSEN
Sensorisk Musikkstund med personer med demens

MALENA GROV OTTESEN & GERD KARINE LUNDE TORSVIK
Utbrenthet og omsorgstretthet hos musikkterapeuter

Tilbake til program

 

Parallelle sesjonar

(kvar presentasjon 25 minutt)

PRESENTASJON AV BRUKARERFARINGAR

LARS TUASTAD, ANNE MALERBAKKEN, KENNETH DYBDAHL, BJARTE JOHANSEN & MORTEN SOMMERBAKK
Brukermedvirkning i forskingsprosjektet FALCO

ASTRID ØVREBØ
Hørselshabilitering og livsmestring ved hjelp av musikkterapeutiske metoder

PRESENTASJON AV FORSKING

GRY-SVANHILD KVISTERUD HOLE
167 timer på egenhånd: Musikkterapi ved langvarige smerter

SØLVI MARIE BERGE
Autistiske barn leder veg i musikkterapi

JØRGEN AASEN BERGET
Betydningsfull gjennom musikk: Ringvirkninger av musikkterapi i barnehage

BETTINA FLATER, ANNE MALERBAKKEN, SILJE RASMUSSEN SANDNES & DANIEL QUINTANA
HRV og subjektiv opplevelse i musikkterapi i psykisk helse; en deltagende studie

ISABELLE DALHAUG
Musikkterapeutisk sangskriving med foreldre av premature barn på sjukehus.

NAOMI RASING
Person-centered approach in group music interventions for people with dementia

PRESENTASJON AV INNSPEL

MERETHE WOLF LINDVALL & JENS ERIK AASMUNDSETH
Bruk av musikkteknologi i musikkterapi – et etisk dilemma?

PRESENTASJON AV PRAKSISERFARINGAR

RAGNA BRANDT & ODA DYPVIK BJØRKE
Betydningen av musikk og brukererfaring i en emosjonsfokusert terapigruppe

GUNN KAROLINE FUGLE
The Rhythms Between Us. Music therapy in the treatment of children with traumas

ALEXANDER BJOTVEIT, LARS HJALMAR ROSVOLL & FRIDA WOLL
Tonetrinn – Kan toner bygge bro mellom institusjon og samfunn?

 

Rundebordsdiskusjon

(90 minutt)

MALENA OTTESEN, HAAKON RAA TVEIT M.FL.
Kvifor treng vi prosedyrar for musikkterapi i spesialisthelsetenesta?

Tilbake til program

Mini-festival

Også i år planlegg vi ein "mini-festival" i dagane rundt konferansen, med inspirasjonsdag, konsertar og arbeidsseminar, i tillegg til sjølve Polyfon-konferansen:

Merk: Med tanke på tilreisande frå ulike delar av landet, startar Polyfon-konferansen først kl. 10.00. Dørene opnar 09.30. Kom gjerne tidleg for ein kopp kaffi og ein prat!

Kursgodkjenning

Polyfon-konferansen 2024 søkjer Norsk psykologforening og Legeforeningen om godkjenning. Informasjon om eventuelle godkjenningar blir lagt ut fortløpande etterkvart som vi får svar på søknad.

Om Polyfon-konferansen

Polyfon-konferansen er ein årleg møteplass for inspirasjon, kunnskapsformidling, erfaringsdeling, dialog og diskusjon. 

Konferansen blir arrangert i november kvart år og samlar både brukarar, praktikarar, forskarar og leiarar.

Her inviterer Polyfon til ein mest mogleg open og tverrfagleg dialog om korleis musikk kan vere ein helseressurs både i terapi, miljøbehandling og kvardag.

Konferansen inneheld plenumssesjonar, parallellsesjonar og ein posterutstilling. Musikkinnslag høyrer sjølvsagt også med!