Inspirasjonsdag for musikkterapeutar i alderspsykiatrien – "Kva gjer me og korleis gjer me det?"
Onsdag 6.november arrangerer musikkterapeutane i eldreomsorga i Bergen og Øygarden kommune ein inspirasjonsdag for fagleg påfyll i samarbeid med Polyfon.
Hovedinnhold
Musikkterapeutane på Kompetansesenter for demens og psykisk helse i eldre år, Bergen kommune, og musikkterapeutane i Øygarden inviterer til inspirasjonsdag!
Inspirasjonsdagen er for studentar og musikkterapeutar i eldreomsorga og finn stad på Alrek Helseklynge frå kl. 08:30-15:30.
Målet med inspirasjonsdagen er å styrke banda mellom musikkterapeutar i eldreomsorga gjennom innlegg og samtalar med praksisnær tematikk. Vi ynskjer å belyse nyansane og kompleksiteten i dei psykososiale behova i eldreomsorga og korleis musikkterapeuten kan møte desse behova.
Her er noko av tematikken vi skal innom:
- Musikkterapistillinga - dei ulike hattane: Kva inneheld di stilling som musikkterapeut i eldreomsorga? Kva roller får du utdelt? Kva forventningar har andre til oss, og kva forventningar har vi til oss sjølve? Her vil det vere moglegheit for å utveksle erfaringar.
- Det musikkterapeutiske tilbodet: Systema er bygde opp ulikt. Korleis skapar ein kvalitet og kontinuitet i eit musikkterapeutisk forløp? Vi ynskjer å inspirere kvarandre i korleis vi møter utfordringar gjennom konkrete praksiseksempel.
Har du erfaringar du ynskjer å dele frå din eigen arbeidskvardag? Skriv kort om dette i påmeldingsskjemaet.
Inspirasjonsdagen er gratis og blir arrangert med støtte fra Polyfon.
Ta kontakt med Stine Andrea Sognnes for spørsmål.
_____________________________________
Inspirasjonsdagen er del av ein "mini-festival" i dagane rundt Polyfon-konferansen 2024, med inspirasjonsdag, konsertar og arbeidsseminar:
- 6. november: gratis inspirasjonsdag om musikkterapi og alderspsykiatri
- 6. november om kvelden: Polyfon-konsert arrangert i samarbeid med Gjenklang
- 7. november: Polyfon-konferansen 2024
- 7. november om kvelden: Musikkterapifest/konsert arrangert i samarbeid med NFMT og GAMUT
- 8. november, dagen etter konferansen, oppmodar vi Polyfons arbeidsgrupper og ulike nettverk til å arrangere interne arbeidsmøte. Dersom de treng hjelp til å reservere rom for eit slikt arbeidsseminar, ta kontakt på Polyfons e-post-adresse.